Føreord til nettutgåva

Den versjonen som kom i bokform i 1995 har vore tilgjengeleg på heimesida til Masfjorden kommune sidan 2010. Da var det ein del av menystrukturen til heimesida, men er no gjort tilgjengeleg som ein eigen nett portal.

Kommunestyret vedtok alt i desember 2009 at Masfjorden gards- og ættesoge skulle bli tilrettelagt og gjort tilgjengeleg for heimesida til kommunen. Arbeidet med konvertering frå den digitale Word-versjonen blei såleis fullført i 2010.

Tanken er at også denne versjonen skal vere delvis interaktiv ved at du kan melde inn feil, foreslå endringar, melde inn nye namn, gards- og bruksnummer o.s.v. Du må da nytta deg av den e-postadressa som ligg på hovudsida til nettsoga. Hugs alltid å opplyse om kva gards- og bruksnummer endringa/oppdateringa gjeld. Dess meir detaljerte opplysningane er dess lettare blir det for oss å få lagt dei inn.

Det er gjort fleire endringar og korreksjonar for å rette opp feil i versjonen som kom i 1995.

Det som ikkje er med i internettversjonen, er namneregister som låg som vedlegg til band II, sidan det ikkje er sidetal i internettversjonen. I staden er der lagt inn ein eigen søkemotor i toppen på nettsida der du kan søke på alt frå namn, til gards- og bruksnummer.

Du kan no sjølv bli ein aktiv bidragsytar til å halda masfjordsoga mest mogeleg oppdatert.

Hugs at dei opplysningane som vert lagt inn her, også vert søkbare for eksterne søkemotorar.